Soya gjer deg homo

25 desember, 2006

Les at Soya er grunnen til at so mange vert homo i dag.

Det forklårar kvifor so mange veganere eg kjenner er homofile og lesbiske, men kva kan dei som ikkje drikk Soyamelk skulde på?

Advertisements

Legg ned jola!

24 desember, 2006

Jolenissen er daud, so då kan me jo like gjerne legge ned jola…

Eg er kanskje litt treig, men føler at ettersom eg ikkje har oppdatert på eit halvt år so kan eg få lov.

Eg har blitt urbanist

13 juli, 2006

Eg har blitt skada av å bu i storbyen. Merker det kvar gong eg kjem ut av Oslo. Eg saknar butikkane som held ope til 23, og dei som er ope på sundager og. Men mest av alt så saknar eg skikkelig kaffi. Det er der eg merkjer det mest. For sjølv om ein no har fått kaffibar på kvart vegkryss ein kjem til, så er ein for fanden ikkje barrista berre ein veit korleis ein skrur maskinen på. Gje barristane fagbrev og forlang minst to års opplæring. Eg vil ha skikkeleg kaffi!

Jævla fotoboksar

13 juli, 2006

Einkvar kan jo gå lei av alle desse fotoboksane som står langs vegane her i Noreg, spesielt når ein skal reise langt og vil raskast mogleg heim. Min bror har løysningen, me berre skrur av skilta litt over fjellet, og så skrur me dei på igjen når me kjem til meir tettbygde strøk, så ordnar det seg, tenkjer han. Han har vel rett i det, sjølv om me måtte stoppe for nokon som hadde truffet ei geit og fjellveggen på fjellet, men det hender jo ikkje oss……

Lei

13 juli, 2006

Eg gikk lei, måtte ha meg ny blogg. Kven er det egentlig eg har forsøkt å lure ved å kalle blogging for så 2005. Det er jo ikkje akkurat som om eg er den som lever i tiden og forventer effektivitet til einkvar tid. Eg trivdes vel egentleg ganske godt i 2005 eg, mykje betre enn eg gjer i 2006. Så i eit forsøk på å få attende den gode gamle tida, så har eg fått meg ny blogg. Kanskje alt blir betre då?

Så, kos deg du einsame lesar, eg er nok ikkje så interessant at eg får den store lesarstormen her med det fyrste….